Målgrupper

Tenk du er på restaurant i København, men dei gløymde potetene dine. Du seier vel ikkje “kest e potedn”?

Tenk du sender ei saftig tekstmelding til kjæresten. Du skriv vel ikkje “med vennleg helsing” på slutten?

Me må alltid tilpassa oss dei me snakkar med.

Korleis taklar me dette i Balestrand Adventure?

Tekstane og bileta våre skal vera retta mot dei tre gruppene som tradisjonelt har besøkt Balestrand, og som me leverer best til. Nedanfor har eg oppsummert dei, og gir døme på tilpassa tekstar og bilete.

Dei som ikkje har ro i røvi

Denne målgruppa svarar til Visit Norway si målgruppe Dei eventyrlystne. Dette er dei som skal finna seg sjølv på ein ukjent fjelltopp. Dei som forventar å sjå Gud på Nærøyfjorden. Dei skal som føla seg som den første som besøker ein plass. Alt handlar om forbindelsen med seg sjølv i naturen, og nesten spirituelle opplevingar.

Eit godt bilete av ei naturoppleving med nesten spirituell stemning

Derfor bruker me eit nesten spirituelt språk når me snakkar til dei. Me legg vekt på naturopplevinga og korleis det påverkar deg. Bilete skal gjerne visa éin person som får denne opplevinga. Ei skildring av Balestrand tilpassa ein slik person kan sjå slik ut:

High mountains. Deep valleys. A fjord that stretches 1000 meters below you. And when the light is just right, it can make the jaw of even the most seasoned local drop.

Sjå òg produkttekstane og -bileta for kajakkturen og Finnabotn-turen.

Dei på leit etter kulturarven

Denne målgruppa svarar til Visit Norway si målgruppe Dei kultiverte og intellektuelle. Målet med ferien er å læra noko nytt, noko som ikkje står i reisebøkene, rett frå munnen til ein kyndig nordmann. Det er viktig at dei skal få noko å imponera vennene sine med over eit vinglas. Dei skal føla at dei er tidleg ute, at dei opplever noko før alle andre.

Derfor presenterer me lokalhistorie på ein måte som gjer at gjesten kan fortelja om det sjølv heime. Me skal etablere at guidane har autoritet i feltet sitt, og at me ligg utanfor den tunge turistløypa. Men me skal ikkje bruka for store eller vanskelege ord. Dei skal føla at dei er antropologar blant urinnvånarar, ikkje studentar blant professorarar. Bilete skal visa autentisk formidling frå ein autoritietsperson.

Eit godt bilete av autentisk formidling

Ei skildring av Balestrand tilpassa ein slik person kan sjå slik ut:

Viking graves. Modern museums. Stunning wooden architecture. Glaciers looming in the distance. In Balestrand you’ll find a well-preserved source of inspiration for art, travel, and storytelling—there should be plenty to tell about when you return home.

Sjå òg produktteksten for cidersmaking.

Dei som skal møte sogningen

Denne målgruppa svarar til Visit Norway si målgruppe Dei sosiale. Dei er på leit etter det ekte. Målet med ferien er å forstå korleis det er å bu her i dag. Det gjeld mat, tradisjonar, språk og så vidare. Historie er viktig, men ikkje hovudtema. Dette er dei som alltid spør “So what do people do here?”

Dei skal føle seg velkomne. Derfor skriv me på ein personleg, vennleg måte. Me skal vera oss seg sjølve, bruka dialektnær nynorsk. Bilete skal vise folk saman, smil og ansikt.

Eit godt bilete av møtet mellom sogningen og gjesten

Ei skildring av Balestrand tilpassa ein slik person kan sjå slik ut:

Cold. Reserved. Introverted. You may have heard these adjectives used to describe Norwegians. The people of the Sognefjord are a happy exception. The people here have a reputation for being loud, boisterous and a little over-the-top. They just might be easier to get to know!

Sjå òg produktteksten for sider- og matkurset.

Tilpassing til ferieplanleggsfasene

Me skriv litt annleis ut ifrå kor gjesten er i ferieplanlegginga. Teksttypane kan me dela inn i engasjerande tekstar og selgande tekstar.

I dei tidlegare fasane handlar spørsmål om kor og korleis dei skal reise. Her hjelper me gjesten med engasjerande tekstar: bloggsider og innhald på sosiale media. Ein skal ikkje snakka mykje om produkt eller seg sjølv — alt handlar om gjesten og kva ho treng.

I sluttfasen av planlegginga og under ferien handlar spørsmåla gjerne om produkt. Her slår me til med selgande tekstar: produktsider og annonsar. Målet er klikk på ein “call to action” som teksten er bygd rundt. Alt anna skal fjernast. Til dømes fjernar me nyheitsbrev-feltet frå produktsidene.

Sjå gjerne artiklane nedanfor.

Alle selgande tekstar hos Balestrand Adventure har ein URL som startar på /experience, til dømes: balestrandadventure.no/experience/cider-tasting. Slik kan vi følge med på korleis dei selgande tekstane presterer samla sett på dashboarden vår.