Knut Slinning fortel om tekstane til Juvet landskapshotell

“Sju små kubar på stylter, med glasvegger som gir eit makelaust utsyn mot dalen …” Slik startar ein produkttekst hos Juvet landskapshotell.

Eitt av romma på hotellet. Foto: Juvet landskapshotell

Eitt av romma på hotellet. Foto: Juvet landskapshotell

Juvet er eit av dei best kjende hotell i landet, sjølv om det har berre 10 rom og ligg “langt inni hutaheit” som dei skriv sjølv. Rekneskapstala finn eg ikkje sidan hotellet er eit enkeltmannsføretak, men dette er ei bedrift som gjer det bra i si vektklasse. Dei har 4-5 heilårstilsette, og fyller hotellet gjennom heile sesongen. Og så vinn dei allslags prisar, til dømes Innovasjon Norge sin reiselivspris i 2011 og Houens fonds diplom for 2012. Altså dei største prisane i landet for reiseliv og arkitektur. Hotellet var med i filmen Ex Machina, og blir omtalt av store utanlandske blad i artiklar som desse:

Men du finn ingenting om alt dette på nettsida. Filmen blir ikkje nemnd, heller ikkje prisane, heller ikkje den rike historien til garden, eller historia bak arkitekturen. Hæ? Kvifor?

Eg fekk snakke med Knut Slinning, eigaren av hotellet om dette, 4. oktober 2021.

Hotellet er godt kjent frå filmen Ex Machina, og har vunne mange prisar. Kvifor blir ikkje desse omtalt på sida?

Det er ikkje vår greie. Det blir liksom ikkje Juvet. Vi skal vere ein rotekte, ydmyk plass. Og etter kvart visste folk kven vi var likevel. Vi hadde ganske bra synlegheit gjennom mediaartiklar og word of mouth.

Vi skal heller ikkje skryte av kjente folk som har vore her. Det same gjeld maten. Det står veldig lite om mat på sida, sjølv om kjøkenstaben òg har vunne prisar. Når marknadsføringa skryt voldsomt om sånne ting, kjem ein til slutt på jobb med ein klump i magen. Det er ikkje eit slikt arbeidsmiljø vi ville ha på Juvet.

Og vi skal heller ikkje prøve å vri konseptet til å vere ein slags gourmet-destinasjon. Maten er sjølvsagt viktig, men det er atmosfæren og det heilheitlege konseptet som er viktigast. 

Jesse: Tidlegare hadde Juvet ei nettside med mykje tekst, men i dag er det lite. Kan du seie noko om tankane bak endringa?

Knut: Ja, før hadde vi mange bilete og mykje tekst, det var sider om byggeprosessen, om garden, om aktivitetane i dei ulike årstidene. Dette var då dei fleste besøkte sida frå PCen. Men den var ganske tung, og fungerte ikkje like bra på mobilen. Etter kvar såg vi at 75 % av trafikken var på mobilen. Derfor ville vi gjere sida enklare for desse gjestane. 

Vi gjorde endringane i lag med designbyrået Havnevik i Ålesund, som vi har jobba med i 16 år no, heilt tilbake til starten av Juvet. Dei sette opp ei minimumsløysing som dei testa litt med folk som ikkje kjende Juvet frå før. Det vil seie at dei såg over skuldra deira medan dei brukte sida. Så kunne dei sjå kor folk sette seg fast og kva folk klikka på. 

Dei testa den nye minimale sida mot den gamle, og fann ut at den nye faktisk var lettare å bruke, og det var lettare for gjesten å kome til bookinga, som er jo heile poenget. Endringane var var òg i tråd med hotellkonseptet: minimalistisk og moderne. 

De bruker nynorsk på sida. Kvifor det? Kva slags tilbakemeldingar får de om dette? 

Det var berre naturleg. Nynorsk er språket her. Vi har ikkje fått så mange tilbakemeldingar om dette. Det verste som kan skje er at austlendingar tykkjer tekstane er vanskelege. Men det får dei tåle. 

Jobbar de ut ifrå ein stilmanual? Korleis går de fram når de skriv tekstane?

Nei, vi har ingen stilmanual.  Når konseptet er såpass tydeleg, er berre å få tekstane til å passe inn. Juvet er ein plass som er moderne og minimalistisk, utan å vere kald og steril. Vi skal vere ærleg og ekte. Du skal kunne sjå kva ting er laga av, og folk skal kunne vere seg sjølve.

For gjesten er Juvet ein plass å raste, kvile seg, gå på fjelltoppane, padle kajakk. Det er mange som bestiller turar hos Valldal naturopplevingar under opphaldet.

Når det gjeld tekstane samarbeidar vi med to lokale skribentar: Hegelin Waldal og Audun Skjervøy. Saman driv dei Språksmia, som leverer skrivetenester. Dei driv òg Storstova og leverer grønsaker til hotellet. Audun er tidlegare redaktør i Dag og Tid.

Tekstane på sida er blanda av ting eg har skrive, ting Språksmia har skrive, og tinge frå Havnevik. Då vi endra på nettsida byta vi òg over til ein CMS som var enklare å bruke. Det er lett for oss å gå inn og endre på ting sjølv. Dette hadde mykje å seie.

Takk for intervjuet!

Jesse BrattComment