SVADA-metoden

Det er ikkje lett å få ei gruppe til å bli samd om ei strategisk retning.

Du har kanskje vore med på møte der alle snakkar om kvarandre, eller berre nikkar apatisk når den best betalte deltakaren kjem med forslag. Korleis kan du få fram dei gode idéane på ein måte der alle blir høyrt?

SVADA-metoden er ein måte å løyse dette problemet.

Ei gruppe gjer seg klar for ein SVADA-prosess

SVADA står for Sirkulærøkonomisk visjon- og designdrevet arbeidsmåte. Denne prosessen er mykje brukt i amerikanske teknologibedrifter, og går no sin seiersgang i Norge òg. Det er ein rask måte å lage gode forretningsplanar, strategidokument og liknande.

Framgangsmåten er ganske enkel, og krev berre post-it lappar og nokre gode tusjar:

  1. Deltakarane sit i ein sirkel (derfor “sirkulær” i namnet)

  2. Alle deltakarar stikk tusjen i nasebora til det gjer litt vondt.

  3. Alle tek nokre djupe andedrag. Etter eit par minutt ser alle “visjonar”, som vi seier i SVADA-samanheng.

  4. Ta tusjen ut av nasen og skriv ned alle idéar på post-it lappar.

  5. Etter kvart som post-it lappane fyllast ut, skal dei stappast inn i munnen. Tygg til papiret får ein god grautkonsistens.

  6. Alle spyttar ut post-it grauten sin inn i ein stor designar-bolle. (Dette er jo ein designdrevet prosess)

  7. Rør idé-grauten godt og set bollen inn i ein mikrobølgeomn på medium styrke i eit par minutt.

  8. Når du høyrer siste popp, ligg det ferdige dokumentet i bollen!

Eksempel på ein høveleg design-bolle

Jesse BrattComment