Praktisk kurs for opplevingsbedrifter, 19. februar og 19. mars 2022
Meld deg på her! (Plass til maks 15 deltakarar)
Om kurset
Kvar guida tur er ein teaterproduksjon. Med Sognefjorden som kulissar blir gjestane transportert til ei ny verd, langt frå kvardagen. Og bak kvar time saman med gjestane ligg det mange timar backstage med produktutvikling, marknadsføring og sikkerheitsarbeid. På kurset jobbar vi med desse backstage-prosessane: korleis eit produkt blir presentert og prisa, og korleis det blir sikkert gjennomført.
Kurset er meint for alle opplevingsbedrifter, både nye og etablerte. Målet er å lære av kvarandre, ikkje berre av kurshaldarane. Etterpå vil du føle deg tryggare i ditt eige arbeid med skriving, prising og HMS.
Program
Laurdag 19. februar, 09:00–15:00: HMS for opplevingsbedrifter
ved Camilla Ianke, Northern Exposure
og Pål S. Jensen, Zenit Advokater
Sundag 19. mars, 09:00–15:00: Effektiv skriving og prising
ved Jesse Bratt, Visit Sognefjord
HMS for opplevingsbedrifter
Risiko er der, alltid. Om du driv med fjellturar, padleturar, rafting eller toppturar på ski ligg den alltid i bakgrunnen. I dette kurset får du oversikt over lovverket og rettspraksis knytt til risikohandtering, og konkrete verktøy du kan bruke i bedrifta di til å sikre gjestane og deg sjølv. Vi tek for oss spørsmåla
Kva krev lovverket av deg som leverandør av opplevelsesbasert reiseliv?
Risiko, sikkerhet og den menneskelige faktor – Kvifor skjer det ulykker?
Systematisk sikkerhetsarbeid – Korleis ser ein god internkontroll ut?
Kurset har vore ein fullteikna suksess i Bergen og i Rauma.
Effektiv skriving og prising
Bak kvart produkt ligg hundrevis av ord: produkttekstar, epostar, bestillingsvilkår og annonsar. Pluss eitt viktig tal: prisen. Når du sit med eit blankt ark er det vanskeleg å unngå dei gamle klisjéane og prisane til konkurrentane. På kurset får du hjelp med dine eksisterande tekstar og konkrete verktøy for prising og tekstskriving. Vi tek for oss spørsmåla
Korleis kan du skrive effektive tekstar utan ordet "fantastisk"?
Korleis kan du bli sikker på at du tek rett pris?
Om kurshaldarane
Camilla Ianka har hjelpt Forsvaret med å utvikle sikkerheitsrutinar mot skredulukker, og ho har guida mange gjestar til fots, på ski og på kajakk i vêrharde område som Grønland og Svalbard. I dag driv ho selskapa Northern Exposure AS og Coasteering AS.
Pål S. Jensen er utdanna politimann og partnar i Zenit Advokater i Tønsberg, og har spesialisert seg innan friluftsaktivitetar.
Jesse Bratt er prosjektleiar i Visit Sognefjord, og har jobba med produktutvikling i Balestrand Adventure.