Ulovlege eksperiment

Eg tør nesten ikkje publisere dette. Det verkar for bra til å vere sant – og det kan godt vere at det er det.

Eigentleg har nettsida vår for altfor lite trafikk til å drive med eksperiment, men vi gjer det litt likevel. Som sigarillo-røykaren seier: Du veit at du ikkje skal gjere det, men det er litt gøy då.

Det begynte heilt uskyldig. Vi har ein lang artikkel på nettsida om 7 dagar med ting du kan gjere i Balestrand. Idéen er å plante eit frø hos folk tidleg i planleggingsfasen: at det går an å bruke mange dagar på ferie i Balestrand.

Målet med sida var derfor at folk skulle bruke masse tid på den og klikke seg rundt, målt i duration per session, og pages per session i Google Analytics.

Eg var jo kjempefornøgd med teksten, og den såg bra ut på datamaskina då eg publiserte den (sjå nedanfor).

Slik såg sida ut på PCen - fint eller?

Vi kjøpte litt annonsetrafik hos Facebook og Google, og eg venta at sida skulle begynne å få masse trafikk som brukte lang tid på å lese mine forslag.

Til min forferdelse gjekk dei fleste vekk frå sida med ein gang, og dei som blei igjen brukte ikkje så lang tid på sida heller. Krise!

Eg hadde ein mistanke om at det var mykje luftig tekst i starten. Slik såg teksten ut:

High mountains. Deep valleys. Viking graves. Glaciers looming in the distance. A fjord that stretches 1,000 meters below you. And when the sun hits it just right, it can make the jaw of even the most seasoned local drop. 

In Balestrand you’ll find a well-preserved source of inspiration. It’s sheltered from mass tourism, so you’ll get to know the people and what it’s like to really live here. There’ll be plenty to tell about when you return home!

Here we’ve put together idea for 7 days in Balestrand. Seriously, 7 days. It takes a little planning, but that’s why we’ve put together this guide for you.

Var teksten for luftig? Eg tenkte at særleg avsnitt 2 kunne vere så lang og klissete at folk ikkje gadd å lese vidare.

Med verkøyet Google Optimize sette eg opp eit eksperiment: Halvparten av dei som besøkte nettsida såg den gamle, uendra teksten, og den andre halvparten såg varianten utan det eine avsnittet.

Original

High mountains. Deep valleys. Viking graves. Glaciers looming in the distance. A fjord that stretches 1,000 meters below you. And when the sun hits it just right, it can make the jaw of even the most seasoned local drop. 

In Balestrand you’ll find a well-preserved source of inspiration. It’s sheltered from mass tourism, so you’ll get to know the people and what it’s like to really live here. There’ll be plenty to tell about when you return home!

Here we’ve put together idea for 7 days in Balestrand. Seriously, 7 days. It takes a little planning, but that’s why we’ve put together this guide for you.

Variant 1

High mountains. Deep valleys. Viking graves. Glaciers looming in the distance. A fjord that stretches 1,000 meters below you. And when the sun hits it just right, it can make the jaw of even the most seasoned local drop. 

Here we’ve put together idea for 7 days in Balestrand. Seriously, 7 days. It takes a little planning, but that’s why we’ve put together this guide for you.

Eg lot testen gå i 10 dagar. Resultata gav meg hakeslepp, sjølv om eg visste at det var for lite trafikk til å gi eit skikkeleg trygt resultat.

Variant Experiment Sessions Experiment Bounces Calculated Bounce Rate Pages / Session Average Duration Probability to be Best
Original 244 210 86.07% 1.51 00:00:28 2%
Variant_1 363 286 78.79% 2.09 00:02:15 98%

Variant 1, med litt mindre luftig tekst, presterte mykje betre!

Kva er grunnen til dette? Er det berre tull?

Eg trur det ha noko med mobilvisninga å gjere. Viss du kjem til sida på mobilen risikerer du å møte ein vegg av tekst, utan bilete, og utan å sjå dei 7 dagane med program du har blitt lova i annonsen.

Sjå til dømes korleis originalversjonen ser ut på mobilen, og annonsane som gav mesteparten av trafikken.

Originalsida på HTC U11

No testar eg ein ny variant, der lista med dei 7 dagane er flytta lenger opp, over bildet, og lenker til forslaga lenger nede på sida.

Det kan godt hende at vi er på villspor. Men skal ein vente til ein har masse nettsidetrafikk før ein byrjar med å teste ut ting?

Jesse BrattComment