Produktprising med Balestrand Ballong AS

Balestrand Ballong AS er eit nyoppstarta selskap som tilbyr turar over Sognefjorden i varmluftsballong. Selskapet er lite og fiktivt, men har eit mål om vekst. Dei skal selge korte ballongturar for turistar og ballongkurs for bedriftsmarknaden.

Kva skal prisen vere for turist-turane?

Kva med 16 900 kr for ei privat gruppe?

Nedanfor ser du korleis du kan rekne ut produktpris basert på kostnadar og profitt med priskalkulatoren vår.

Lyst på ein tur? Prisen er 16 900 kr for private grupper

Her kjem detaljene.

Selskapet har tilsett ein dagleg leiar, som kostar 900 000 kr i året med alle kostnadar. Og dei har kjøpt ein 5-manns ballong for 250 000 kr, som blir avskrive over 5 år, slik at den årlege kostnaden blir 50 000 kr. Og selskapet har øvrige kostnadar på 50 000 kr til saman. Dette er dei faste kostnadane, som selskapet må betale uansett korleis det går med omsetnaden.

Faste kostnadar

900 000 kr Dagleg leiar
50 000 kr Ballong
50 000 kr Øvrige kostnadar

1 000 000 kr Totalt i året

Dei leiger inn ein lokal ballongflygar på timebasis, som kostar 600 kr timen. Turen varer 2 timar, og flygaren brukar 30 min før og etter turen til klargjering og nedrigging. Og dei opnar ei flaske musserande sider etter kvar tur, som kostar 500 kr. I tillegg brukar dei 200 kr på propan per tur.

Variable kostnadar

1 800 kr Løn til ballongflygar
500 kr Musserande sider
200 kr Propan

2 500 kr Totalt per tur

Cirka halvparten av omsetnaden kjem frå turist-turane. Halvparten av desse turane sel selskapet sjølv, og den andre halvparten blir seld av ein turoperatørar som tek 20 % provisjon. Derfor er distribusjonskostnaden 10 % av omsetnaden i gjennomsnitt.

Ballongen kan berre køyre i sommarmånadane, 90 dagar tilsaman. Dei reknar med at det blir tur 75 % av desse dagane. Og dei reknar med at dei får 3 gjestar per tur i gjennomsnitt.

Selskapet tek 30 % i profitt – dei er den einaste ballongtilbydar i området, og har eit produkt som kundane elskar.

Gitt desse føresetnadane, må gruppeprisen vere 16 512 kr. Dette kan vi fint runde opp til 16 900 kr.

Og prisen for enkeltgjestar må vere 5 504 kr, som vi kan runde ned til 5 500 kr.

Hadde du betalt det for 2 timar i luftballong over Sognefjorden? Samanlikn gjerne med prisane for sjøflyturar.

Blei du inspirert til å sjå på dine eigne prisar? Bruk priskalkulatoren vår!

Jesse BrattComment