Kva driv Balestrand Adventure med?

Me skal gjera det betre å bu i midtre Sogn. For gjestar og for sogningar. Ved å selja guida turar.

Så enkelt er det.

Møtet mellom gjest og fastbuande står i sentrum: den guida turen. Ein slik tur varer gjerne mellom ein halv time og ein halv dag. Men det er desse opplevingane som gjestane hugsar frå ferien, ikkje timane på flyet, i bilen, eller på hotellrommet. Desse turane kan gi gjestane enorm verdi.

Og dei kan gi gode inntekter til guidane og resten av bygda vår, pluss at me får sjølv nyta den gode infrastrukturen som reiselivet gir. Sjå berekraftspolicyen vår.

Derfor skal me skal leggja til rette for fleire guida turar og betre guida turar. Og me skal halda det gåande ved å ta 15 % av alt me sel. Det er bedriftsmodellen.

I praksis driv me med 3 ulike aktivitetar. Me

  1. Publiserer tekstar og bilder. Me hjelper gjestane i ferieplanlegginga med artiklar og produktsider. Målet er å selja fleire produkt.

  2. Arrangerer uformelle samlingar. Me hjelper partnarane våre til å laga fleire og betre produkt.

  3. Snakkar med gjestar. Me svarer på spørsmål på kontoret vårt og via e-post.

Det me ikkje driv med er

  1. Guiding. Dette er partnarane våre som gjer.

  2. Ferieplanlegging. Dette er gjestane våre sjølve som gjer.

Denne manualen viser korleis Balestrand Adventure fungerer backstage. Han er meint for partnarar, tilsette eller dei som vurderer å oppretta eit liknande samarbeid.

Samarbeidsmodellen har ein kalla “hub-modellen”, der nokre lokal aktørar saman driv produktutvikling, marknadsføring og turistinformasjon i lag.

Innhaldet er delt opp slik.

  1. Marknadsstrategi

  2. Stilmanual

  3. Målgrupper

  4. Salgssamarbeid

  5. Kontinuerleg forbetring

  6. Digital infrastruktur

  7. Statistikk