Slik gjekk det for Balestrand Adventure i 2019

av Joakim Systaddal, avtroppande prosjektleiar

Ein rekordlang sesong er over

Arbeidet med å utvide sesongen har helde fram i 2019, og både Kviknes Hotel og Balestrand Adventure har hatt ope frå 1/4 til 31/10 i år. Det er ny rekord! Første og siste del av perioden var rett nok svært roleg, men det er ein del av kostnaden med å skape ein ny marknad. For Balestrand Adventure har dette vore ein viktig milepæl: 2019 er første sesongen der BA har stått for drift av turistinformasjonen, og hatt fellesapparatet i sving. 

Umiddelbar effekt – med nokre unntak

Trenden med vekst i sesongen heldt fram i 2019, men i år var det knytt ekstra spenning til om dei felles løysingane på nett ville gje noko merkbar endring i salet. Turistinformasjonen fekk også lenger opningstider i 2019 enn tidlegare.

Kort oppsummert, så er det ei fin auke i sal over disk frå i fjor: 1,270’ i totalt sal i 2018 mot 1,574 i 2019. Det gjev ei auke på vel 300’, tilsvarande 24%. Då er internettsalet med i 2018-tala, men ikkje i 2019. Det var rett nok eit lite volum, men den reelle auka over disk er truleg litt større enn det som går fram av desse tala.

Likevel er det når ein tek med internettsalet i 2019 at det verkeleg syner effekt av arbeidet i vinter: Det totale salet i 2019 endå på 2,825’ i perioden april – september. Det er ei auke på 122%, og skilnaden er særleg stor i april – mai, sjølv om det er auke i alle månadane. Den månaden som har minst auke i prosent er august, med ei auke på 82% samanlikna med 2018. 

Ikkje alt har gått som ein håpte. Før sesongen vart det lagt ein del arbeid i å få opp ein produktportefølje i Høyanger som kunne vere attraktiv nok til å flytte nokre turistar vestover. Produkta vart sidestilte med Balestrand-produkta på nett, og dei tilsette i turistinformasjonen hadde fokus på å anbefale Høyanger til dei som ikkje hadde lagt konkrete planar. Likevel lukkast me ikkje å selje Høyanger denne sesongen.

Dei tilbakemeldingane som kom til turistinformasjonen gjekk på at det var vanskeleg å komme seg til og frå – mange av dei som bur i Balestrand kjem med båten, og er avhengig av transport for å kome seg rundt. Læringa bør takast med i det vidare arbeidet. 

Høgsesongen var også testperiode for produktet Golden Circle, som er ein rundtur med buss og båt over Gaularfjellet til Fjærland, og tilbake på fjorden. Heller ikkje dette produktet fekk den utviklinga ein ynskte, og vil bli endra og justert inn mot neste sesong. Hovuderfaringa var at rundturen vart for lang, men at Gaularfjellet er attraktivt. 

Strategiske endringar i det vidare arbeidet

Våren 2019 vart det lagt eit betydeleg utviklingsarbeid i å få på plass ein digital infrastruktur som gjorde arbeidet med marknadsføring, sal og produktutvikling på nett effektivt og saumlaust. Dette er ein viktig del av forklaringa på auka i omsetnad, og ikkje minst i arbeidet med å få ei meir kostnadseffektiv drift.

Erfaringane har slik sett vore gode, og det er ingen tvil om at det vil vere kritisk viktig å vere sterk i digitale flater framover. I tillegg såg ein at denne infrastrukturen vil ha store samdriftsfordelar dersom fleire aktørar tok den i bruk, og at løysingane var ekstremt skalerbare.

På den andre sida krev det at ein jobbar kontinuerleg med å utvikle og skalere den vidare, og har endå større fokus på å utnytte det potensialet som opnar seg, særleg på marknadsførings- og salssida. Difor vart det starta samtalar med Visit Sognefjord om mogelegheita for å gjere dette til ein regional infrastruktur alt på vårparten. 

Når effekten frå sesongen vart så tydeleg som den vart, tok ein eit val om å førebu ei utfasing av denne delen av arbeidet frå Balestrand Adventure til Visit Sognefjord i allereie no i vinter. Dette gjev fullt fokus på det operative arbeidet med sal og produktutvikling i Balestrand Adventure, og opnar for eit meir praktisk og konkret regionalt samarbeid med andre aktørar i Sogn. 

Fleire nye aktørar er i gang

Ei anna svært positiv utvikling er at det har kome til fleire heilt nye aktørar i samarbeidet, fleire av desse er heilt nye i markanden. Tre nye aktørar tilbyr vandreprodukt, både lågterskel sentrumsvandringar og guida fjellturar. Det har vore gjennomført turar til både Keipen og Raudmelen med svært gode tilbakemeldingar, begge desse har fyrtårnpotensiale i vår del av regionen. Særleg Keipen-stien er spektakulær, og vil bli ytterlegare styrka når den planlagde turhytta kjem på plass til neste sesong.

I tillegg er det fleire nye produkt knytt til fjorden, der både Kurt Kleive og Balevik Solutions har drive god produktutvikling. Ein har òg starta det som me trur vil bli ei viktig og god relasjon med Høyanger, som har fleire produkt som utfyller Balestrand godt. Sjølv om dei ikkje har gjeve sal endå, så er kvaliteten på produkta god – på tampen av sesongen vart det gjennomført testar med reiselivsstudentar frå Sogndal, som gav gode og nyttige tilbakemeldingar på produkta til det vidare arbeidet. I sum har det vore testa mange nye produkt i sesongen 2019, noko som gjev oss eit godt utgangspunkt for å utvikle kvaliteten og innhaldet vidare mot 2020. 

BA-modellen brer om seg

Prosjektleiar har gjennom året hatt fleire møte med andre miljø i Sogn som ynskjer å samarbeide meir om aktivitetsutvikling, og høyre meir om måten me har jobba på i Balestrand. Både Vik, Sogndal, Fjærland og Høyanger ser på liknande måtar å organisere seg på. I Balestrand Adventure-prosjektet har det vore viktig å dele ope med andre aktørar.

Me er sikre på at di fleire profesjonelle aktørar som kjem til i regionen, og som kan vere med å skape eit godt utviklingsmiljø og meir profesjonelt sal- og marknadsarbeid, di betre er det for alle. Dette er også ein viktig del av bakteppet for å skilje ut arbeidet med digital infrastruktur, denne har umiddelbar og direkte nytte for andre. 

Endring i prosjektorganisasjonen

I 2019 har Balestrand kommune stilt med nærings- og samfunnsutviklar som gratis prosjektleiar. Dette vart gjort for å bidra til å ha nok ressursar og rask nok framdrift i arbeidet, og jobben har i stor grad dreia seg rundt koordinering og fasilitering av partnarane. I tillegg har Jesse Bratt hatt hovudansvar for den operative delen av arbeidet. Frå årsskiftet vil prosjektleiar gå over i ny stilling i nye Sogndal kommune, og Jesse vil fylgje arbeidet med digital infrastruktur over i Visit Sognefjord. Difor har det vore fokus på å sikre prosjektet kompetente og tilgjengelege ressursar vidare.

Det er kjekt å melde at ny prosjektleiar er på plass frå og med desember: Endre Hovland flytta til Balestrand i sommar saman med sambuar som har fått jobb i Skog i Sogn (Balestrand kommune), og er har master i naturbasert reiseliv. Han vil overta som prosjektleiar, og fylle rolla etter underteikna og Jesse sitt lokale produktutviklingsarbeid.

Me er svært glade for å ha fått ein dyktig, kompetent og blid rogalending med på laget. Han vil presentere seg nærare på partnarsamlinga etter nyttår. Både Joakim og Jesse vil vere tilgjengelege som støttespelarar for Endre så mykje som han treng. 

Vidare arbeid i vinter

Det har vore ein lang sesong, og det har vore eit tydeleg behov for ein pust i bakken i haust. I tillegg har det vore viktig å ha fokus på det langsiktige arbeidet. Både prosjektleiar og Jesse har difor brukt mykje av tida på å evaluere og bearbeide læringa og erfaringane frå sesongen, og få på plass ein god rigg for det vidare arbeidet.

Dette er no på plass, og eit viktig neste steg er å samle alle partnarane til ei samling på nyåret med fokus på sesongevaluering og vidare arbeid. Sal og marknadsarbeidet går heile tida, og me ser ei tydeleg positiv utvikling av arbeidet mot operatørar og agentar: Det har vore gjennomført ei rekkje visnings- og presseturar i haust, og stadig fleire operatørar syner interesse for området og produkta våre.

Denne delen av arbeidet er ikkje så synleg for partnarane undervegs, men den er ekstremt viktig å halde fast i heile tida. Her er samarbeidet med Visit Sognefjord godt og viktig, og vil bli endå viktigare framover. Det er tydeleg at me får mykje meir ut av Visit Sognefjord sitt arbeid når me er profesjonelle sjølv og brukar eigne ressursar på å fylgje opp lokalt. Her trur me at mange av dei små aktørane vil, som i mindre grad har hatt slike ressursar sjølv, vil merke stor skilnad framover. 

Nye lokale

Til neste år vil turistinformasjonen og Balestrand Adventure-aktørane få nye lokale. Desse ligg 50 meter frå dei gamle, i eit heilt nytt bygg som Kurt Ove Lidal set opp, mellom Coop og Ippi Marina. Dei er utforma etter aktørane i Balestrand Adventure sine ynskjer, og vil gje mykje betre logistikk og kundeoppleving enn dagens lokale. Her vil ein få eigne og avskilte lokale for å ta imot kundar, kle på seg eventuelt utstyr og tørking/lagring. I tillegg er det eit stort uteområdet som er delvis under tak for lagring av utstyr og materiell.

Fronten av lokala venter mot parkeringsplassen og parken, og vil vere utforma som mykje tydelegare salslokale og turistinformasjon. I sum vil dette gje både aktørar, tilsette og kundane ei mykje betre oppleving. Me gler oss til å kunne invitere til samling i eigne nye lokale på vårparten i 2020.

Joakim SystaddalComment
Den første sesongen

Turistane kjem

I år starta sesongen rekordtidleg i Balestrand. Sommarruta frå Bergen til Flåm tok til å gå den 1. april, og dermed opna Kviknes Hotel og Balestrand Adventure for sesongen. Turistinformasjonen har hatt ope i same periode, og aukar gradvis opp opningstidene fram mot sommaren.

Det har vore ein del turistar i april, og særleg RIB-turane har vore populære. Ikkje alle produkta er i gang endå, både Fjærlandsbåten, kajakk og sykkel kjem i løpet av mai. Me ser òg ei auke i førehandsbestillingane samanlikna med fjoråret, det gjev von om ein god sesong.

Nettsida lansert

Rett før påske vart nettsida lansert, med dei bookbare produkta som er klare i dag. Her vil fleire produkt kome til etter kvart som dei er klare, og bli publisert fortløpande. Nettsida har også chat-funksjon, for enkel kommunikasjon for kundane. Nettsida er kopla saman med CRM-systemet, og dei enkelte produkta vil bli køyrt kampanje på i digitale flater framover. Agentar og turoperatørar har fått eigne innloggingar, med link rett frå framsida. Særleg frå denne gruppa merkar me auke i bestillingane, og tilbakemelding på at det er nyttig med alt på ein plass.

Førstehjelpskurs gjennomført i Balestrand

Måndag 29. april vart det gjennomført førstehjelpskurs særleg retta mot guidar i samarbeid med Røde Kors i Balestrand. Det var 9 deltakarar på kurset, og med dette og guidekurset i førre månad har alle dei som ynskjer å vere med på guiding denne sesongen fått på plass ein god grunnkompetanse for sitt virke. Det vert jobba med kursplan for hausten, så om du har forslag til kurs eller kompetansehevingsopplegg er det berre å spele inn til prosjektleiar. 

Avtale om båthamna snart på plass

Balestrand Adventure vil frå og med denne sesongen overta drifta av den kommunale båthamna i sentrum på oppdrag frå Balestrand kommune. Turistinformasjonen vil ta seg av den praktiske drifta, som mellom anna går ut på å halde orden, bidra med informasjon og krevje betaling frå besøkande. Det har vore møte med teknisk etat for å drøfte innhaldet i avtala, og ein er no samde om premissane. Avtala vil bli gjort gjeldande frå 1. juni. 

Dialog med Vik, Høyanger og Sogndal

Prosjektet har sidan starten hatt dialog med næringa i Vik, Høyanger og Sogndal for å dele planar og avklare om her er potensial for samarbeid. I Vik har møta vore med Blix Hotell og Sylvringen, og seinast måndag 6. mai var representantar frå Vik på besøk i Balestrand for å konkretisere innhald i ei samarbeidsavtale. Det var ei stund aktuelt med produktsamarbeid denne sesongen, men Vik-miljøet ynskjer å bruke noko meir på å finne ut av den lokale organiseringa. Det er god dialog over fjorden, og me håpar å få på plass gode gjensidige prosjekt etter kvart. 

Same dag var representantar frå næringa og Høyanger Næringsutvikling på besøk i same ærend. Her vil ein truleg få på plass eit praktisk samarbeid om produkt og infrastruktur på testnivå allereie i sommar. Detaljane vil komme på plass i løpet av månaden, og potensialet for meir reiseliv i Høyanger er stort. Samstundes kan Høyanger utvikle reiselivsopplevingar som skil seg frå Balestrand sine, og på den måten vere med å komplettere heilskapen. N

este veke skal prosjektleiar delta på møte med aktivitetsaktørar i Sogndal, Sogn Næring og Visit Sognefjord for å orientere om prosjektet, og avklare mogelegheitene for samarbeid. Summen av denne aktiviteten har me god von om at vil skape meir aktivitetar og sysselsetting i heile vår del av Sognefjorden. 

Nettverkssamling og mini-opplevingskurs i Førde

Joakim og Jesse deltok den 23. april på samling for reiselivsnettverka som har fått støtte frå Innovasjon Norge. I tillegg til informasjon frå Trond Haavik om forskingsstøtte for reiselivsnæringa, var tema på samlinga ein kortversjon av opplevingskurset til Pål Medhus i Høve Støtt. Dette var eit svært praktisk og godt kurs, og i ettertid har me følgt dette opp for å få til eit fullt tredagarskurs i Balestrand til hausten.

Me har god von om å få dette til saman med Visit Sognefjord og Innovasjon Norge. Nettverkssamlingane er også gode møtestadar for den uformelle praten med likesinna aktørar i fylket, også denne gangen var dette av stor verdi. 

Forskingspotensiale i Balestrand Adventure-prosjektet

Fylkeskommunen og Forskingsrådet ynskjer å forske meir på reiselivsnæringa. I samband med dette har Trond Haavik, som er kompetansemeklar på oppdrag frå fylkeskommunen, teke kontakt for å ha ei innleiande samtale om verkemidla og for å sjå på om det er potensiale for forskingsprosjekt i vår aktivitetsportefølje. Haavik kjem til Balestrand i slutten av månaden, og om du har tankar om mogelege prosjekt så ta kontakt. 

Infrastrukturmidlar til rute over Gaularfjellet

Den 8. april fekk me meir gledeleg nytt – fylkeskommunen har løyvd 117 500,- til å etablere turistrute over Gaularfjellet. Geir Willy Nesse skal operere ruta, og det vert jobba med å få på plass detaljane til sesongen. Me gler oss til å fortelje meir om arbeidet i neste nyheitsbrev. 

Turistane kjem

NTW vel unnagjort

Denne veka har Jesse representert Balestrand Adventure på NTW. Han har hatt full møtebok med agentar og turoperatørar frå heile verda, og melder om stor interesse for produkta me kan tilby. Vedtaket om å gjere Balestrand cruise-fri haust positiv respons, og fokuset på berekraftige produkt som tek i vare lokalsamfunn og miljø vert sett stor pris på. Dei fleste har fått agent-innlogging, og ynskte å begynne å bestille med ein gang. I tillegg veit me at Kviknes og Visit Sognefjord har hatt mange gode møter som òg vil ha relevans for oss. Alle møta er logga i CRM-systemet, og ligg klar for vidare oppfølging framover. 

Logo og grafisk profil på plass

Måndag fekk me levert logo og grafisk profil frå Gasta. Det betyr at arbeidet med nettside, trykt materiell og anna profilering no kan settast i bestilling, slik at alt ser skikkeleg ut før sesongen tek til for fullt. Logoen byggjer på element frå engelskkyrkja, og er både attkjennande og særprega. Me er godt nøgde med jobben Gasta har gjort, og gler oss til å ta den i bruk i alle flater. Nettsida manglar berre dei grafiske elementa for å vere klar, så den vil ha høg prioritet i neste veke. 

10 nye guidar har fått guidekurs 

Helga 22. til 24. mars fekk me høve til å få gjennomført guidekurs lokalt i Balestrand. Kurset byggjer på modellen som NCE har utvikla saman med Njord, som òg var kurshaldar her. Dette er same kurset som mellom anna «Kayak the Fjords» har arrangert nokre gangar, men justert til å vere meir retta mot vandring og generell guiding der det tidlegare har vore spissa mot kajakk.

Totalt deltok 10 personar, som vil vere ein del av det vidare arbeidet. Frå før har 4 av aktørane gjennomført det same kurset. Det vert jobba med å planlegge vidare kurs- og kompetansehevingstiltak. Informasjon om desse vert gjeve etter kvart. 

Sesongen i gang

Turistinformasjonen opna rekordtidleg i år. I samband med at Norled si sommarrute til Flåm starta den 1. april, vart turistinformasjonen opna samstundes. I første omgang er det noko kortare opningstid enn i høgsesong, men frå og med neste veke vil ein auke opningstidene og ha bemanning dei fleste vekedagane. Med båten kjem òg dei første turistane, og ein har hatt fleire innom første veka. 

Gode møter med Høgskulen på Vestlandet og studentane

Førre veke hadde Joakim og Jesse møte med ansvarleg for reiselivslinja ved HVL i Sogndal, Kristin Løseth. Me hadde ein god prat om mogeleg samarbeid, og dei er interesserte i å samarbeide med bedrifter som har relevant praksisplass. Det er òg aktuelt å finne tema og problemstillingar i vårt arbeid som grunnlag for dei som skal skrive bachelor-oppgåve til vinteren.

Det vart avtalt ein presentasjon for studentane om kva Balestrand Adventure går ut på, som vart gjennomført i går torsdag. Studentane viste god interesse, og ynskte å halde kontakten vidare. Dette kan bli viktig i samband med det planlagde utviklingsarbeide, særleg i haust. 

Signering av partnaravtalene

Sidan alle ukjende faktorar no er avklara, er det tid for å få på plass partnaravtalene. Lars Arne har ansvar for dette, og vil i løpet av dei næraste dagane ta kontakt med alle som har stilt seg positive tidlegare til å få signert avtale med vedlegg på plass. 

Møtepunkt framover

Det vert partnarsamling i midten av april – tidspunkt og meir informasjon vil bli avklara ein av dei første dagane neste veke, og invitasjon kjem i eigen e-post. Det me veit, er at det vil bli fokus på forventningane til sesongen, samt dei praktiske avklaringane knytt til sal, booking, kommunikasjon og gjennomføring av sesong. Har de konkrete punkt de ynskjer å ta opp på samlinga, så kan dei sendast til underteikna så snart som råd.

Det er også ei reiselivssamling under planlegging i samband med Balejazz, så dei som er interesserte i denne kan legge inn fredagen på dagtid i kalenderen så lenge. Innovasjon Norge arrangerer fellessamling for reiselivsnettverka den 23. april (tysdag etter påske). Her er det i utgangspunktet fullteikna, men dersom her er nokon som har veldig lyst å vere med, så kan dei ta kontakt, så skal eg sjekke om det er mogeleg å få stille med nokon ekstra. 

Vi er i gang!

Tilskotet på plass

Fredag 8. mars kom tilbakemeldinga frå Innovasjon Norge på prosjektsøknaden, der me fekk tilsegn på 600.000,- - 100.000,- meir enn me søkte om! Det er sjølvsagt svært gledeleg, og gjer at ein kan realisere planane i full skala. Tusen takk til Innovasjon Norge som har trua på prosjektet, og til alle som har bidrege i arbeidet så langt. 

Informasjon og vegen vidare

Det betyr at me no går inn i ei ny fase i arbeidet. Frå no av vil det bli lagt opp til rask framdrift, relativt tette treffpunkt og mange parallelle prosessar. Møtereferat, oppsummeringar og informasjonsskriv vil bli gjort tilgjengeleg etter kvart. I tillegg er det viktig at kvar enkelt tek ansvar for å søke informasjon der ein føler at ein treng å vite meir – du kan alltid ringe eller sende e-post til prosjektleiar for å slå av ein prat, eller få svar på eit spørsmål. 

Mål og retning

Det er alltid nyttig å minne oss sjølv på kva me jobbar med, og kvar me er på veg. Difor gjentek eg dei overordna måla og verdigrunnlaget me jobbar etter:

Til grunn for alt arbeidet i aktivitetssatsingane ligg nokre felles, overordna målsetjingar:

  • Bidra til å utvikle aktivitetsbedriftene i Balestrand til å bli leiande på sine felt i regionen

  • Bygge opp det fremste kompetansemiljøet på aktivitetsturisme i regionen

  • Bygge opp sterke aktivitetsbasar i Sogn

  • Vere fremst på innovasjon og praktisk bruk av ny teknologi innan aktivitetsproduksjon

  • Bli eit nasjonalt fyrtårn innan berekraftig reiseliv

Verdiar

Balestrand Adventure skal vere tufta på Balestrand og Sogn sitt historiske og autentiske grunnlag, og sette lokalsamfunnet sine interesser, lokal verdiskaping, miljøet og pålitelegheit i høgsetet. 

Målsetjingane er «hårete», men ambisjonen er å levere. Då må kvar enkelt ville det, og sette av eiga tid og prioritere dette arbeidet om ein skal lukkast. Ein har gjennom prosjektet fått ein unik sjanse til å ta nokre store steg, og den må me nytte godt. 

Neste steg

Arbeidet vidare vil fylgje dei tre hovudstrategiane i prosjektplanen: Marknadsutvikling, produktutvikling og kompetanse og teknologiutvikling. Kort oppsummert, vil arbeidet fylgje desse linjene:

S1 Marknadsutvikling

  1. Utvikle dei digitale salskanalane. Fokus på å fase inn alle sine produkt i Trekksoft, og bruke dei aktuelle kanalane for å skape trafikk til nettbutikken. Alle partnarar som ikkje har produkta på plass i Trekksoft vil bli kontakta i løpet av kort tid for å komme i gang med dette arbeidet. 

  2. Utvikle lokale salspunkt. Balestand Adventure har overteke drifta av turistinformasjonen frå Visit Sognefjord frå og med denne sesongen, og samstundes vil ein etablere eit tydelege felles salskontor i dei same lokala. Her vil det bli aktivt sal av dei produkta som er tilgjengelege, enten gjennom partnaravtale med BA eller gjennom Trekksoft-butikken til Visit Sognefjord. 

  3. Gruppemarkanden vil vere viktig, spesielt utanom hovudsesongen. BA ynskjer å jobbe tett saman med Amazing Fjords, som har vore ein viktig del av grunnlagsarbeidet for prosjektet, og som i tillegg er lokal og kjenner regionen godt. I tillegg vil ein handtere dialogen med dei turoperatørane som tek kontakt, og ynskjer å kjøpe aktivitetsprodukt for sine kundar via back-office-løysinga. 

S2 Produktutvikling

  1. Ved oppstarten av dette utviklingsarbeidet legg ein til grun ei relativt omfattande aktivitetsportefølje. Dette skil Balestrand frå dei andre kommunane i midtre- og ytre Sogn, her er alt operative verksemder som leverer RIB-turar, kajakkturar, utleige av kajakk og sykkel, buss- og bilturar, leigebil, fisking med guide og turar på fjorden med ulike farkostar. Målet er å bruke dette grunnlaget til å utvikle endå fleire produkt, som styrkar og byggjer opp under det eksisterande.

    I tillegg er det ei tydeleg målsetjing å regionalisere heile produktporteføljen. Det er i liten grad utvikle kombinasjonsprodukt på tvers av aktørane i dag, så det vil vere ei konkret oppgåve som kan gje raske og gode resultat. Ein vil også søke å utvikle gode produkt i dei geografiske randsonene mot Sunnfjord, kysten, Flåm, Voss og indre Sogn. 

  2. Der det ikkje finst interesse hos nokon av partnarane, eller i tilfelle der ein ser at produktet naturleg høyrer heime hos Balestrand Adventure vil det vere aktuelt å utvikle, teste og implementere produkt direkte. Dette vil typisk vere overordna produkt og tenester, utfyllande produkt i kombinasjonsprodukt og liknande. Denne rolla har mangla i regionen, og vil bety mogelegheita til å realisere produkt som tidlegare har vore utfordrande å få til. I tillegg er det i dag lite utval av Balestrand og Sognefjord-relaterte suvenirar, der det burde vere potensiale for å få på plass meir. 

  3. Sognefjordregionen er rik på produsentar av lokal mat og drikke, men lite av dette er i dag nytta som ein del av opplevingsprodukta. Prosjektet ynskjer å løfte fram og utvikle mat og drikke som ein sentral del av aktivitetsprodukta, i tillegg til å bidra til å vise fram produsentane – gjerne gjennom å lage visningsopplegg saman med dei. 

  4. Balestrand og regionen elles har store kulturressursar som i dag er lite kommersielt utnytta. I Balestrand har det vore eit aktivt kunstmiljø i over 100 år, området er rikt på vikinghistorie og det er i dag eit levande kulturliv i heile regionen. BA ynskjer å knyte partnarskap med private og offentlege kulturaktørar som har interesse av å sette meir fokus på kommersiell utnytting av kulturlivet, og utvikle nye produkt og tenester saman. 

S3 Kompetanse og teknologiutvikling

  1. Balestrand Adventure har slått fast i verdigrunnlag og visjon at ein skal levere produkt og tenester av høg kvalitet. Det fordrar eit systematisk arbeid med kompetanseheving av alle delar av verksemda – frå guiding til marknadsarbeid. Dette søkjer ein gjere systematisk, samstundes som det vert bygd vidare på det arbeidet som har vore gjort i denne samanhengen. 

  2. Bruk av ny teknologi vil treffe aktivitetsturismen på alle frontar. I denne aktiviteten ynskjer ein å vere «early movers» for å teste ut om nye løysingar kan heve produktet og/eller lønsemda i drifta, og bidra til auka tryggleik og kvalitet. Regionen har fleire sterke teknologimiljø som ein ynskjer å jobbe tett saman med i utviklingsfasen. 

  3. Dersom nettverket skal bli sterkt og leve vidare etter prosjektperioden, er ein avhengig av å bygge gode og sterke relasjonar mellom aktørane. Dette krev eiga merksemd og tilrettelegging, både i form av felles kulturbygging, styrking av kjennskapen mellom bedriftene, og utvikling av gode og faste møtestadar. I denne aktiviteten ynskjer ein å jobbe målretta med dette, på toppen av det som ligg i resten av aktivitetsporteføljen. 

  4. Alle eigarane handterer sine back-office-funksjonar internt i dag, men ingen av dei har definert det som kjerneverksemd. Dei ynskjer at dette vert vurdert løyst i fellesskap, og at det vert utarbeidd ein modell for korleis dette kan løysast. Back-office vert i denne samanhengen definert som rapportering, føring av statistikk, registrering og bearbeiding av data, kontorfunksjonar og anna administrativt arbeid.

    God datastruktur er avgjerande for å kunne utvikle produkt og verksemd vidare i framtida, og i fellesskap kan ein lage og ta i bruk gode system som gjev tilgang på størst mogeleg mengde med strukturerte data. 

Møtepunkt framover

I løpet av mars vil alle som har synt interesse for prosjektet bli invitert til ei første partnarsamling. Her vil me gå meir i djupna på det arbeidet som ligg i løypa framfor oss, og legge meir detaljerte planar for framdrift saman med kvar enkelt. Me håpar å sjå mange der, og ser fram til ei triveleg samling!

Joakim SystaddalComment
Balestrand Adventure blir skipa

Her kjem ei lita oppdatering frå prosjektleiar (PL) om kva som er gjort sidan sist. Eg vågar ikkje å love noko fast utgjevingstakt på dette nyheitsbrevet, men det er viktig for meg å halde styret oppdatert om det som vert jobba med undervegs. 

Det tekniske rundt skipinga

Sidan skipingsmøtet har fokuset vore på formalitetane kring oppstarten, og på produkt og partnarskap. Dei tre aktivitetsleverandørane har hatt to arbeidsøkter, 3/10 og 8/10, og skal ha ei ny i dag 23/10. Me har no i underkant av 20 bookbare produkt som skal inn i nettbutikken. 

Lars Arne (LA) har oppretta bankkonto i Sparebanken Sogn og Fjordane, som vil vere klar til bruk i løpet av kort tid. Torsdag 18/10 hadde PL og LA møte med Accountor for å få presentert deira løysing for rekneskap. Ein har gått inn avtale med dei om rekneskapstenester, samt bruk av deira heilautomatiserte programvare PowerOffice Go. Dette vil gjere rekneskapsdelen mindre arbeidskrevjande, og talla vil alltid vere oppdatere og tilgjengelege. 

Nye partnarar

Førre veke og denne veka har PL og LA hatt møte med potensielle partnarar og agentar. I Balestrand har me lagt fram avtaleforslag til Marianne Hoff og Trond Sundby, Einar Målsnes og Kurt Kleive, alle ved møte 16/10. Onsdag 17/10 var det ny runde i Høyanger, der me brukte om lag heile dagen på å treffe aktørar som Høyanger Næringsutvikling sette opp til oss. Positive tilbakemeldingar, men framleis ein veg å gå for å finne partnarar som er like modne som i Balestrand. Denne veka har me hatt møte med Maritime Management på Leikanger, som driv Fjærlandsbåten.

Dei er klar til å bli partner, og ynskjer å delta aktivt i produktutviklingsarbeiet. Etter møtet hadde me ei arbeidsøkt der me drøfta infrastruktur på transportsida, og drodla litt rundt eit fyrtårnprodukt med utgangspunkt i Balestrand. Meir om det kjem seinare. Måndag 29/10 skal me til Vik for å treffe aktørane der, her er det næringssjefen i Vik som har laga køyreplan. 

Vegen vidare

Dei viktigaste punkta vidare er å få avtale med Visit Sognefjord om turistinformasjonen (avtalt møte med Ståle torsdag 25/10), sende søknad til Innovasjon Norge (krev sluttrapportering førre fase), halde fram produktarbeidet, starte marknadsarbeidet, sette opp dei tekniske løysingane, få på plass grafisk profil, og fortsette å finne gode ressurspersonar og partnarar.

I løpet av vinteren vil me trenge ekstern kompetanse på innhaldsproduksjon og drift av digitale kanalar, back-office-strukturering og kvalitetssikring av produkt og logistikk. Det bør også gjennomførast kursing slik at alle guidar har NCE sitt guidekurs på nivå 1. 

Joakim SystaddalComment