Slik gjekk det for Balestrand Adventure i 2019
av Joakim Systaddal, avtroppande prosjektleiar
Ein rekordlang sesong er over
Arbeidet med å utvide sesongen har helde fram i 2019, og både Kviknes Hotel og Balestrand Adventure har hatt ope frå 1/4 til 31/10 i år. Det er ny rekord! Første og siste del av perioden var rett nok svært roleg, men det er ein del av kostnaden med å skape ein ny marknad. For Balestrand Adventure har dette vore ein viktig milepæl: 2019 er første sesongen der BA har stått for drift av turistinformasjonen, og hatt fellesapparatet i sving.
Umiddelbar effekt – med nokre unntak
Trenden med vekst i sesongen heldt fram i 2019, men i år var det knytt ekstra spenning til om dei felles løysingane på nett ville gje noko merkbar endring i salet. Turistinformasjonen fekk også lenger opningstider i 2019 enn tidlegare.
Kort oppsummert, så er det ei fin auke i sal over disk frå i fjor: 1,270’ i totalt sal i 2018 mot 1,574 i 2019. Det gjev ei auke på vel 300’, tilsvarande 24%. Då er internettsalet med i 2018-tala, men ikkje i 2019. Det var rett nok eit lite volum, men den reelle auka over disk er truleg litt større enn det som går fram av desse tala.
Likevel er det når ein tek med internettsalet i 2019 at det verkeleg syner effekt av arbeidet i vinter: Det totale salet i 2019 endå på 2,825’ i perioden april – september. Det er ei auke på 122%, og skilnaden er særleg stor i april – mai, sjølv om det er auke i alle månadane. Den månaden som har minst auke i prosent er august, med ei auke på 82% samanlikna med 2018.
Ikkje alt har gått som ein håpte. Før sesongen vart det lagt ein del arbeid i å få opp ein produktportefølje i Høyanger som kunne vere attraktiv nok til å flytte nokre turistar vestover. Produkta vart sidestilte med Balestrand-produkta på nett, og dei tilsette i turistinformasjonen hadde fokus på å anbefale Høyanger til dei som ikkje hadde lagt konkrete planar. Likevel lukkast me ikkje å selje Høyanger denne sesongen.
Dei tilbakemeldingane som kom til turistinformasjonen gjekk på at det var vanskeleg å komme seg til og frå – mange av dei som bur i Balestrand kjem med båten, og er avhengig av transport for å kome seg rundt. Læringa bør takast med i det vidare arbeidet.
Høgsesongen var også testperiode for produktet Golden Circle, som er ein rundtur med buss og båt over Gaularfjellet til Fjærland, og tilbake på fjorden. Heller ikkje dette produktet fekk den utviklinga ein ynskte, og vil bli endra og justert inn mot neste sesong. Hovuderfaringa var at rundturen vart for lang, men at Gaularfjellet er attraktivt.
Strategiske endringar i det vidare arbeidet
Våren 2019 vart det lagt eit betydeleg utviklingsarbeid i å få på plass ein digital infrastruktur som gjorde arbeidet med marknadsføring, sal og produktutvikling på nett effektivt og saumlaust. Dette er ein viktig del av forklaringa på auka i omsetnad, og ikkje minst i arbeidet med å få ei meir kostnadseffektiv drift.
Erfaringane har slik sett vore gode, og det er ingen tvil om at det vil vere kritisk viktig å vere sterk i digitale flater framover. I tillegg såg ein at denne infrastrukturen vil ha store samdriftsfordelar dersom fleire aktørar tok den i bruk, og at løysingane var ekstremt skalerbare.
På den andre sida krev det at ein jobbar kontinuerleg med å utvikle og skalere den vidare, og har endå større fokus på å utnytte det potensialet som opnar seg, særleg på marknadsførings- og salssida. Difor vart det starta samtalar med Visit Sognefjord om mogelegheita for å gjere dette til ein regional infrastruktur alt på vårparten.
Når effekten frå sesongen vart så tydeleg som den vart, tok ein eit val om å førebu ei utfasing av denne delen av arbeidet frå Balestrand Adventure til Visit Sognefjord i allereie no i vinter. Dette gjev fullt fokus på det operative arbeidet med sal og produktutvikling i Balestrand Adventure, og opnar for eit meir praktisk og konkret regionalt samarbeid med andre aktørar i Sogn.
Fleire nye aktørar er i gang
Ei anna svært positiv utvikling er at det har kome til fleire heilt nye aktørar i samarbeidet, fleire av desse er heilt nye i markanden. Tre nye aktørar tilbyr vandreprodukt, både lågterskel sentrumsvandringar og guida fjellturar. Det har vore gjennomført turar til både Keipen og Raudmelen med svært gode tilbakemeldingar, begge desse har fyrtårnpotensiale i vår del av regionen. Særleg Keipen-stien er spektakulær, og vil bli ytterlegare styrka når den planlagde turhytta kjem på plass til neste sesong.
I tillegg er det fleire nye produkt knytt til fjorden, der både Kurt Kleive og Balevik Solutions har drive god produktutvikling. Ein har òg starta det som me trur vil bli ei viktig og god relasjon med Høyanger, som har fleire produkt som utfyller Balestrand godt. Sjølv om dei ikkje har gjeve sal endå, så er kvaliteten på produkta god – på tampen av sesongen vart det gjennomført testar med reiselivsstudentar frå Sogndal, som gav gode og nyttige tilbakemeldingar på produkta til det vidare arbeidet. I sum har det vore testa mange nye produkt i sesongen 2019, noko som gjev oss eit godt utgangspunkt for å utvikle kvaliteten og innhaldet vidare mot 2020.
BA-modellen brer om seg
Prosjektleiar har gjennom året hatt fleire møte med andre miljø i Sogn som ynskjer å samarbeide meir om aktivitetsutvikling, og høyre meir om måten me har jobba på i Balestrand. Både Vik, Sogndal, Fjærland og Høyanger ser på liknande måtar å organisere seg på. I Balestrand Adventure-prosjektet har det vore viktig å dele ope med andre aktørar.
Me er sikre på at di fleire profesjonelle aktørar som kjem til i regionen, og som kan vere med å skape eit godt utviklingsmiljø og meir profesjonelt sal- og marknadsarbeid, di betre er det for alle. Dette er også ein viktig del av bakteppet for å skilje ut arbeidet med digital infrastruktur, denne har umiddelbar og direkte nytte for andre.
Endring i prosjektorganisasjonen
I 2019 har Balestrand kommune stilt med nærings- og samfunnsutviklar som gratis prosjektleiar. Dette vart gjort for å bidra til å ha nok ressursar og rask nok framdrift i arbeidet, og jobben har i stor grad dreia seg rundt koordinering og fasilitering av partnarane. I tillegg har Jesse Bratt hatt hovudansvar for den operative delen av arbeidet. Frå årsskiftet vil prosjektleiar gå over i ny stilling i nye Sogndal kommune, og Jesse vil fylgje arbeidet med digital infrastruktur over i Visit Sognefjord. Difor har det vore fokus på å sikre prosjektet kompetente og tilgjengelege ressursar vidare.
Det er kjekt å melde at ny prosjektleiar er på plass frå og med desember: Endre Hovland flytta til Balestrand i sommar saman med sambuar som har fått jobb i Skog i Sogn (Balestrand kommune), og er har master i naturbasert reiseliv. Han vil overta som prosjektleiar, og fylle rolla etter underteikna og Jesse sitt lokale produktutviklingsarbeid.
Me er svært glade for å ha fått ein dyktig, kompetent og blid rogalending med på laget. Han vil presentere seg nærare på partnarsamlinga etter nyttår. Både Joakim og Jesse vil vere tilgjengelege som støttespelarar for Endre så mykje som han treng.
Vidare arbeid i vinter
Det har vore ein lang sesong, og det har vore eit tydeleg behov for ein pust i bakken i haust. I tillegg har det vore viktig å ha fokus på det langsiktige arbeidet. Både prosjektleiar og Jesse har difor brukt mykje av tida på å evaluere og bearbeide læringa og erfaringane frå sesongen, og få på plass ein god rigg for det vidare arbeidet.
Dette er no på plass, og eit viktig neste steg er å samle alle partnarane til ei samling på nyåret med fokus på sesongevaluering og vidare arbeid. Sal og marknadsarbeidet går heile tida, og me ser ei tydeleg positiv utvikling av arbeidet mot operatørar og agentar: Det har vore gjennomført ei rekkje visnings- og presseturar i haust, og stadig fleire operatørar syner interesse for området og produkta våre.
Denne delen av arbeidet er ikkje så synleg for partnarane undervegs, men den er ekstremt viktig å halde fast i heile tida. Her er samarbeidet med Visit Sognefjord godt og viktig, og vil bli endå viktigare framover. Det er tydeleg at me får mykje meir ut av Visit Sognefjord sitt arbeid når me er profesjonelle sjølv og brukar eigne ressursar på å fylgje opp lokalt. Her trur me at mange av dei små aktørane vil, som i mindre grad har hatt slike ressursar sjølv, vil merke stor skilnad framover.
Nye lokale
Til neste år vil turistinformasjonen og Balestrand Adventure-aktørane få nye lokale. Desse ligg 50 meter frå dei gamle, i eit heilt nytt bygg som Kurt Ove Lidal set opp, mellom Coop og Ippi Marina. Dei er utforma etter aktørane i Balestrand Adventure sine ynskjer, og vil gje mykje betre logistikk og kundeoppleving enn dagens lokale. Her vil ein få eigne og avskilte lokale for å ta imot kundar, kle på seg eventuelt utstyr og tørking/lagring. I tillegg er det eit stort uteområdet som er delvis under tak for lagring av utstyr og materiell.
Fronten av lokala venter mot parkeringsplassen og parken, og vil vere utforma som mykje tydelegare salslokale og turistinformasjon. I sum vil dette gje både aktørar, tilsette og kundane ei mykje betre oppleving. Me gler oss til å kunne invitere til samling i eigne nye lokale på vårparten i 2020.